Dei unge alpinistane fekk prøve seg i parallellslalåmløypa søndag.

Perfekte forhold for leik og moro

I alt 150 born møtte opp for å vere med på leik og moro då skiforbundet, skikrinsen, Breimsbygda Idrettslag og Breimsbygda Skisenter arrangerte Young Attacking Vikings på Utvikfjellet søndag.




Arrangementet var ope for alle, men hovudmålgruppa var born i alderen tolv år og yngre. Ei av dei som viste ekte skiglede denne dagen var Johanna Kleppe Paulen frå Byrkjelo.

Lågterskeltilbod

Ho går i tredje klasse ved Breim skule.

– Veninna mi, Alva, spurte om eg hadde lyst til å vere med på Utvikfjellet i dag. Etter kvart kom pappa og søstera mi, Leonor, etter. Eg har prøvd alle løypene, og det kjekkaste var parallellslalåmen, fortel Johanna.

Amund Hjermstad-Sollerud frå Norges Skiforbund var med på å gjere løypene i stand før start.

– Målet med dette arrangementet er å engasjere alle som har lyst til å vere med. Dette er eit lågterskeltilbod der vi ønskjer å introdusere born for idretten. Dei får på seg startnummer, men det heile handlar om å spreie glede og ha det kjekt på ski, seier han.

– Perfekte rammer

Ingrid Narum, påtroppande administrasjonssjef i skikrinsen, var også til stades søndag.

– Dette er ein flott måte å vise fram alpinsporten på. Her kan alle vere med uansett nivå og ferdigheiter. Deltakarane får prøve seg i ulike løyper med ulike element. Her er det laga til ei kuleløype, ei fartsløype med eit hopp til slutt, samt ei parallellslalåmløype. Å køyre parallellslalåm er populært, både for dei aller yngste, men også for dei som satsar på alpint, seier ho.

Det var stor aktivitet på Utvikfjellet under heile arrangementet.

– Rammene er perfekte med mykje snø, flott vêr og gode, tilrettelagde løyper frå skisenteret, peikar ho på.

Skiforbundet og skikrinsen har vore med på å arrangere Young Attacking Vikings i tre skianlegg i fylket siste veka.

– Vi starta tysdag i Sogndal Skisenter Hodlekve. Torsdag var vi i Jølster Skisenter saman med alpingruppa der. I dag avsluttar vi på Utvikfjellet i lag med skigruppa i BBIL og Breimsbygda Skisenter. Det er svært mykje folk her i dag, og utruleg kjekt å sjå at så mange har lyst til å vere med, smiler Narum.