Pels med framtid

Vi er godt nøgd med at eit fleirtal på fem i det såkalla pelsdyrutvalet, under leiing av vår eigen fylkesmann, Anne Karin Hamre, konkluderer med at pelsdyrhald skal kunne halde fram og ha ei framtid i Noreg. Eit mindretal på tre ønskjer ei styrt avvikling av næringa.

Før dei kom til konklusjonen, har utvalet gjort eit grundig arbeid over lang tid og vurdert alle sider av pelsdyrhald. Såleis vert det peika på forbetringspotensiale på ein del område, men konklusjonen er altså at denne næringa er berekraftig og bør ha ei framtid. Som mange av oss som kjenner næringa veit frå før, vert det også peika på at dei aller fleste driv med godt husdyrhald innanfor lovverket.

Les heile leiaren i papiravisa onsdag.