Prosjektgruppa i planlegging, med frå venstre Arnt-Ivar Naustdal(Malakoff Rockfestival), Gerd Fløde Bjørlo(Eid kommune), Arild Hjelmeland(Prosjektleiar, NyKunnskap), Jan Petter Thomsen(Sparebanken Vest)Bente Jørgensen(Nordfjord Vekst). Foto: Fjordabladet

Påsketreff på Nordfjordeid

– Også i år ønskjer vi å invitere verksemder og kommunar til å vise fram kva vi har å tilby alle som er interessert i å arbeide, bu, leve eller etablere seg i Nordfjord og Søre Sunnmøre til treff i påska, seier prosjektleiar Arild Hjelmeland i Nordfjord Vekst.

Både dei som i dag bur vekke, men også andre som allereie er i regionen og som er nysgjerrig på kva Nordfjord/Søre Sunnmøre som region har å tilby, er inviterte som gjestar. Treffet er like aktuelt for dei med yrkesfagleg utdanning og bakgrunn som dei med akademisk utdanning.

– Alle bedrifter, næringsutviklingsselskap og kommunar i dei sju kommunane og Søre Sunnmøre er inviterte til å vise breidda i kva vi har å tilby, seier Hjelmeland.

I 2014 var det 42 stands og samla sett var ca. 350 personar i Operahuset denne ettermiddagen.