Partane har inngått forlik

Trivselshagen IKS og Veidekke Entreprenør AS har inngått forlik etter usemja som har vore i samband med at Trivselsbadet på Sandane måtte stengje i over eit år som følgje av reparasjonsarbeid.

Det er partane sjølve som opplyser dette i ei felles pressemelding:

– Hausten 2015 blei det oppdaga knuste og lause fliser i symjeanlegget i idrettsbygget til Trivselshagen på Sandane. Dette førte til omfattande utbetringsarbeid og bassenget var stengt i perioden januar 2016-mars 2017. Også sommaren 2018 blei det utført noko utbetringsarbeid i symjeanlegget.

– Sidan hausten 2015 har partane i prosjektet, dvs. Trivselshagen IKS (byggherre), Veidekke Entreprenør AS (utførande entreprenør) og Nordplan AS (prosjekterande), vore usamde om det økonomiske oppgjeret for utbetringsarbeidet. Trivselshagen IKS og Veidekke Entreprenør AS kan melde at tvisten mellom byggherre og utførande entreprenør no er løyst gjennom forhandlingar. Trivselshagen IKS og Veidekke Entreprenør AS har signert eit utanrettsleg forlik.

I pressemeldinga heiter det vidare at partane er blitt samde om ikkje å kommentere forliket og den avsluttande tvisten ytterlegare i pressa.