Pangstart for glopparane
Thomas Mardal i diskos og Vincent Førde på 3000 meter hinder gjekk begge til topps under første dag av Junior-NM i friidrett på Brandbu.
Mardal kasta 55,83 meter, medan Førde vart klokka inn på den gode tida 9.20,31 minutt. For sistnemnde er resultatet ny personleg rekord.
Også fleire andre glopparar har vore i aksjon i dag.
Robert André Moldestad vart utslegen i kvalifiseringa på 100 meter etter å ha sprunge på 12,01 sekund i 1,6 sekundmeter motvind. Han var nummer 33 av 41 i klasse U20.
Ingrid Hjelle Roset vart nummer 13 på 400 meter i klasse U20 med tida 61,48 minutt. Eit godt stykke bak personleg rekord og årsbeste.
Lisa Selsvik tok ein flott 6 plass med 41,46 meter i slegge for kvinner klasse U20.