Det er blitt fleire mjølkekyr i Noreg under koronapandemien. Foto: Karoline Riise Kristiansen/NPK.

Pandemien har gitt fleire mjølkekyr

Auka etterspurnad etter mjølk og kjøtt under koronapandemien har gitt fleire mjølkekyr og ammekyr i Noreg.

Talet på mjølkekyr er 213.200 etter ein auke på 2,6 prosent frå 1. mars 2020 til same dag i 2021, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det vart òg 6.600 fleire ammekyr, som det finst 104.800 av.

Sidan i fjor har det samla talet storfe auka med 7.200 til 883.900.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart òg fleire sauer. Talet er 948.200 etter ein auke på 700. Det er òg registrert 36.000 mjølkegeiter.

I alt 26.100 produsentar søkte om produksjonstilskot for ulike husdyr, noko som er rundt 100 færre enn året før.

(©NPK)