Nær 358.000 nordmenn har fått utbetalt litt over 2,1 milliardar kroner i feriepenger for dagpengar. Foto: Jon Olav Nesvold/NTB/NPK.

Over to milliardar kroner er utbetalte i feriepengar for dagpengar

Nær 358.000 nordmenn har fått utbetalt litt over 2,1 milliardar kroner i feriepengar for dagpengar, viser tal P4-nyheitene har fått frå Nav.

I vinter vart det fleirtal på Stortinget for at dei som fekk dagpengar i fjor skulle få feriepengar i år.

Feriepengar på dagpengar vart fjerna av regjeringa frå 2015, men fleirtalet på Stortinget endra dette mellombels på grunn av koronakrisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er utbetalt over 2,1 milliardar kroner i feriepengar. I snitt har kvar dagpengemottakar fått nær 6.000 kroner. Den høgaste utbetalinga er på noko over 52.000 kroner og den lågaste på 10 øre.

– Det er heilt riktig og på sin plass at vanlege folk og familiar får råd til å ha fri og ferie saman, seier stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen (Ap) til P4-nyheitene.

Blant dei som har fått feriepengar er 245.500 som var permitterte i fjor, og 112.000 som var registrerte som arbeidsledige.

Noko under 32.000 personar har fått avslag på feriepengar for dagpengar.

(©NPK)