Jentelaget til STIL rauk ut mot Førde i sektandedelsfinalen i dag. Foto: Kevin Skinlo-Denton

Over og ut for STIL-jentene også

Førde vart for sterke då jentelaget til STIL møtte Sunnfjord- laget til sekstandedelsfinale i Norway Cup i dag. Det sto til slutt 1-5 i målprotokollen og dermed blir det heimreise for dei blåkledde.

To kampar 

STIL starta dagen med å vinne 2-0 over Sundjordet IF i 1/32-dels finalen, Ifølgje lagleiinga ein veldig god kamp. Laget hadde tidlegare blitt nr to i gruppa si og gjekk til sekstandedelsfinalen med godt mot. Men der vart det altså slutt på Norway Cup eventyret for denne gongen.

God innsats

Ifølgje trenar og lagleiar Jan Asle Rustøen, gjorde jentene ein god innsats i kampen mot eit Førde-lag som han karakteriserer som godt.

-Med ein kamp i beina og motvind i første omgang, vart det tøft mot eit utkvilt Førde-lag. Men Jentene gjorde ein heltemodig innsats og var nær ved å score eit par gonger, fortel Rustøen om kampen der det sto 2-0 til Førde ved pause. I starten av andre omgang snur jentene kampbiletet og Malin Denk set inn ei redusering i ein periode der STIL styrde kampen og pressa på nfor fleire scoringar.

- Men mot slutten tok det på kreftene og vi måtte innsjå at Førde vart for sterke. Men eg må berøømme dette laget for ei fantastisk turnering der lagånd har vore i fokus. Det er sterkt å komme til sekstandedelsfinale i A-sluttspel for 11-ar fotball, utan annan erfaring enn 9-ar fotball, avsluttar trenaren.