Fleire tek lappen med automatgir enn manuelt gir. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Over halvparten tek førarprøva med automatgir

Over halvparten av nordmenn tek førarprøva med automatgir, viser nye tal frå Noregs Trafikkskoleforbund.

Aldri før har så mange køyrt opp med automatgir.

51 prosent vel automatgir, men tala viser også at dei som køyrer opp med automatgir, stryk oftare enn dei som køyrer opp med manuelt gir.

Artikkelen held fram under annonsen.

No handlar trafikkferdigheiter om mykje meir enn giring, påpeikar administrerande direktør Rolf Gregersen i Noregs Trafikkskoleforbund.

– På få år har bilen gått frå å vere eit mekanisk verktøy til å bli ei avansert datamaskin. Det påverkar førarrolla, seier han.

I Oslo har andelen som tek førarprøva med automatgir, auka frå 32 prosent i 2018 til nærare 70 prosent i 2022.

Vidare understrekar Gregersen at dei utsleppsfrie køyretøya for alvor har innteke trafikkskulebransjen.

I Noreg er det registrert 3.035 skulebilar i Noreg, og andelen elbilar aukar – nær 80 prosent av nye trafikkskulebilar i 2022 var elbilar.

– Det er ingen grunn til å lære seg å køyre bil med gammal teknologi, legg Gregersen til. (©NPK)