537 tilsette ved sju Tine-meieri kan bli tekne ut i streik frå laurdag. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Over 500 tilsette i Tine kan bli tekne ut i streik

537 Tine-tilsette kan bli tekne ut i streik om det ikkje blir semje i meklinga i meieriindustrien som startar torsdag.

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) har varsla at dei kan ta ut tilsette ved sju meieri i streik frå starten av arbeidsdagen laurdag dersom meklinga med NHO Mat og Drikke, som blir gjennomført torsdag og fredag, ikkje fører fram.

Dei tilsette som kan bli tekne ut i streik, jobbar på Tines meieri i Brumunddal, Byrkjelo, Elnesvågen, Storsteinnes, Sømna, Tretten og Verdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Matindustrien som først omtalte saka.

Tariffansvarleg Jarle Wilhelmsen i NNN seier til Nationen at det er vanskeleg å seie noko om sannsynet for at partane kjem til semje.

– No i første omgang er det Tine-meieri dette gjeld, men det kan bli ei rask opptrapping. Vi gjer alt vi kan for at forbrukarane ikkje skal bli ramma. Vi har jo Q-Meieriene òg, så folk vil få mjølka si og andre meieriprodukt, seier Wilhelmsen.

(©NPK)