Statsminister Erna Solberg (H) med munnbind i Stortinget i samband med debatten om utnemninga av fiskeridirektør. Statsministeren er blant dei som er blitt straffa for brot på koronaforskrifta. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Over 2.000 koronasaker for politiet

Sidan pandemien braut ut i mars i fjor, har politiet registrert 2.082 straffesaker knytte til utbrotet. 1.742 av dei er påtaleavgjort.

Av sakene er 1.500 knytte til brot på smittevernlova eller forskrifter som er innførte under pandemien, mellom anna brot på karantene, isolering eller deltaking på arrangement. Av desse er 947 saker registrerte i år og resten av dei i 2020, viser Politidirektoratets (POD) oversikt. POD understrekar at det kan vere nokre unøyaktigheiter i oversikta.

Politiet har vidare behandla 99 straffesaker om bedrageri, 33 om truslar, 74 saker om smitteoverføring og 63 om omsynslaus åtferd. I alt 145 saker er brot på utlendingslova i samband til pandemien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av dei ferdig behandla sakene, er 734 saker påtaleavgjort anten med førelegg, tiltale eller ved tilståingsdom.

(©NPK)