Døgnprisen på straum laurdag er på fem øre kilowattimen i nord og 1,94 kroner i sør, viser tal frå straumbørsen Nord Pool. Foto: Tor Richardsen/NTB/NPK.

Over 100 gonger dyrare straum i sør natt til laurdag

I ein time natt til laurdag kostar straumen i Sør-Noreg hundre gonger meir enn i Midt- og Nord-Noreg – to øre i nord, og to kroner i sør.

På det meste natt til laurdag er prisen 102 gonger høgare i sør enn i nord. Mellom klokka to og tre i natt er prisen på 1,96 øre kilowattimen i Midt- og Nord-Noreg, medan han er 1,98 kroner kilowattimen i sør, melder E24.

Døgnprisen på straum laurdag er på fem øre kilowattimen i nord og 1,94 kroner i sør, viser tal frå straumbørsen Nord Pool.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har nok aldri vore så stor forskjell mellom prisane i sør og nord som no. Dette er heilt sinnssjukt, seier handelssjef Tom Eirik Olsen i Ishavskraft til E24.

Det er prisfallet i nord som gjer at forskjellane blir ekstra store natt til laurdag.

Det er ikkje berre dei uvanleg høge prisane sør i landet som fører til dei store forskjellane. Magasina i sør er òg tommare enn vanleg, medan det er mykje vatn på lager i Nord-Noreg. Sidan overføringslinjene mellom nord og sør er avgrensa, nærmar prisane i Nord-Noreg seg no null.

Tidlegare fredag skreiv E24 at sommarstraumen i Sør-Noreg og Europa kan bli rekorddyr om Russland skrur igjen gasskranene til Europa, ifølgje selskapet Entelios. Då kan prisane sør i Noreg potensielt stige frå rundt to kroner kilowattimen til mellom tre og fem kroner kilowattimen, trur dei.

(©NPK)