Frå venstre Sindre Årdal (Thon Hotell Førde og Jølster), Liv Judit Straume (BOB), Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane Næringsråd) og Geir Opseth (FINS). Pressefoto.

Oppmodar bedrifter om å betale mini-julebord for tilsette

Korona har gjort at mange bedrifter avlyser årets julebord. No vil BOB, Sogn og Fjordane Næringsråd og Førde industri- og næringssamskipnad (FINS) strekkje ut ei hand til ei kriseråka hotell- og restaurantnæring.

– BOB sine tilsette i Førde vil samlast til mini-julebord og vi håpar fleire bedrifter i Sogn og Fjordane gjer tilsvarande. Med dette kan vi bygge kollegafellesskap og samtidig støtte ei næring som er særleg råka av korona, seier Liv-Judit Straume, regiondirektør i BOB, i ei pressemelding.

I Bergen har bustadbyggelaget BOB i lag med Bergen Næringsråd og NHO Reiseliv allereie fått med seg fleire på ideen. BOB sine til saman 160 tilsette vil få tilskot til å ete på restaurant i mindre grupper på maks ti personar før jul.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sogn og Fjordane Næringsråd er glade for initiativet.

– Det er svært positivt å sjå kva BOB og Bergen Næringsråd har sett i gang i Hordaland. Vi støttar svært gjerne opp om eit liknande initiativ i Sogn og Fjordane, seier Bjørn Lødemel, dagleg leiar i næringsrådet.

Hotell- og serveringsbedrifter er ofte viktige arbeidsplassar i lokalmiljøet. Næringsrådet oppmodar bedriftene i regionen til å nytte dei til å arrangere møte, konferansar, julebord og andre arrangement framover.

– Det er etablert gode rutinar for smittevern, og vi trur mange har behov for å møtast fysisk etter fleire månader på heimekontor.

– Vi i FINS meiner dette er eit glimrande tiltak og vi oppmodar våre medlemsbedrifter om å arrangere julebord også i desse koronatider, seier Geir Opseth, leiar i FINS.

Hotelldirektør Sindre Årdal stadfestar at julebordsesongen er svært viktig for hotell- og restaurantbransjen, særleg i år med den situasjonen næringa har vore i.

– Vi har svært gode rutinar for å gjennomføre arrangement på ein god og forsvarleg måte, så hos oss kan folk føle seg trygge. Eit anna alternativ til det tradisjonelle julebordet kan vere å gje gåvekort på middag i ein av restaurantane våre, seier direktøren for Thon-hotella i Førde og Jølster.