Baard Inge Vikje & Marius Almeland, førebur sprenging. Rune Saue, arbeidsformann, og kontrolling Bjørnar Bodvin & Trond Tjelle (E16 Gudvangatunnelen) (Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen)

Oppgraderer tunnelar

Det skal bli tryggare og betre køyreforhold på Vestlandet når rundt 150 tunnelar får ny utrusting. Tunneloppgraderingsprosjektet tok til i 2015, og på Vestlandet vert det stor aktivitet i det kommande året.

I fylka som utgjer Statens vegvesen sin Region vest - Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland - er det fleire tunnelar enn noko anna del av landet. Til saman vil om lag 150 tunnelar på Europa-, riks- og fylkesvegane i denne regionen trenga tiltak for å oppfylla krava i forskriftene. Tunneloppgraderingsprosjektet tok til i 2015. Etter planen skal tunnelane på E16 og E39 vera ferdig oppgraderte i 2020. Fylkesvegtunnelane skal vera ferdige i 2025.

Mange og gamle
Oppgraderingsprosjektet handlar om tryggleik. Det er mange faktorar som påverkar tryggleiken i ein tunnel, og mange av desse skal vurderast og eventuelt betrast. På Vestlandet har me bygd vegtunnelar i over hundre år, sidan slutten av 1800-talet. Auka kunnskap og erfaring, større trafikk, og utvikling av ny teknologi har ført til at tunnelar blir bygde og utrusta svært annleis no enn før i tida. Mange av dei eldre tunnelane treng difor ein grundig gjennomgang for å komma opp på same nivå som nye tunnelar.

Ulike tiltak
Akkurat kva arbeid som skal utførast vil variera litt frå stad til stad, alt etter kor gammal tunnelen er, lengd, trafikkmengd og standard. Det er difor laga eigne tiltaksplanar for kvar einskild tunnel. Her er nokre eksempel på tiltak som er aktuelle for mange av tunnelane:
- Utskifting av vifter, for å få betre ventilasjon og moglegheiter for å driva ut røyk.

- Betre branntryggleik med nytt sløkkeutstyr, godt merkte naudutgangar, naud- kommunikasjon med direkte kontakt til Vegtrafikksentralen og naudetatane, og styringssystem som gjer at tunnelane kan stengast ved ulukker eller brann.

- Betre lys.

- Nye kablar, kabeloppheng og tekniske bygg.

- Betre sikring mot brann ved å dekkja til brennbar vass- og frostsikring (PE-skum) med betong.

- Fleire havarilommer og snu-nisjar.

Tryggleiken viktigast
I Noreg er det strenge reglar for arbeidssikring og trafikktryggleik. Når me skal arbeida i ein tunnel er det mange omsyn som må takast, men det viktigaste er alltid tryggleiken til trafikantane og til dei som arbeidar.

Det er ikkje mogleg å sleppa trafikk fritt gjennom ein tunnel der det går føre seg arbeid, anten det er på vegbana, i fjellet eller på det tekniske anlegget. Det skal vera trygg avstand frå dei som arbeidar til trafikken.

Mange av tunnelane som skal oppgraderast dei kommande åra skal få nye havarinisjar, snu- nisjar eller rom til tekniske bygg. For å sprengja ut desse nisjane må me stengja tunnelen heilt i ein periode, nokre gonger opp mot tre timar.
Sidan ein må stengja heilt ved sprenging, går dette arbeidet i hovudsak føre seg på nattetid. Då prøver me å setja ei rutine med kolonnar til faste tider. Ved arbeid på dagtid er det mest vanleg at kolonnane går kontinuerleg. Dersom ein skulle hatt faste kolonnetider, måtte ein ha rekna inn slingringsrom og teke omsyn til klokkeslett, og dette ville ført til at det vart færre kolonnar og lenger ventetid.


Kolonne på veg gjennom Gudvangatunnelen (Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen)

Med kontinuerlege kolonnar kan ein ha uflaks, og til dømes komma akkurat for seint til ei ferje, men ein kan like gjerne ha flaks. Generelt sett er det vanskeleg å tilpassa kolonnetider til ferjeavgangar, fordi køyretøytype, trafikkmengd, køyreforhold og liknande gir variasjonar i reisetida.

Ting tek tid
Nokre gonger, spesielt i siste fasen av oppgraderinga, kan det vera vanskeleg for bilistar å sjå at det går føre seg arbeid i ein tunnel. Ein del irriterer seg over nedsette fartsgrenser eller kolonnekøyring der ein ikkje ser nokon som arbeidar. Det er likevel alltid ein grunn til slike inngrep. Til dømes tek det tid å montera og kopla på alt det nye elektriske utstyret som skal på plass, og medan dette arbeidet går føre seg er det ikkje sikkert at utrustinga i tunnelen fungerer optimalt. Då må ein vera ekstra forsiktig. Det kan òg henda at dei som arbeidar i tunnelen er inne i eit teknisk bygg, eller ute for å henta noko akkurat i det du køyrer gjennom. At du ikkje kan sjå oss betyr ikkje at me ikkje er der.

Før ein tunnel kan reknast som ferdigstilt, må han gjennom ei lang rekkje testar for å sikra at all utrusting fungerer som ho skal. Fyrst testar entreprenørane sjølve utstyret dei har montert. Etter at dei har retta opp eventuelle avvik, testar Statens vegvesen systema i tunnelen, og ser til at desse fungerer som dei skal og kommuniserer med kvarandre og Vegtrafikksentralen. Dersom det er sett inn mykje nytt utstyr, kan det òg vera naudsynt med kurs for dei som skal drifta tunnelen, før han kan overleverast.

Seks år att
Tunneloppgraderingsprosjektet tok til i 2015. Noko planlegging var gjort før dette, men dei fleste tiltaksplanane og detaljert prosjektering har vorte utarbeidd etter 2015. Med det store talet tunnelar som me har her i vest, vert dette eit kontinuerlig arbeid fram til om lag 2023.


Utdrag av oversiktskart for arbeidet på vestlandet. (Illustrasjon: Statens vegvesen)

Per januar 2018 er desse tunnelane ferdig rusta opp, eller i sluttfase:
- E16 Stavenes
- E16 Onstad
- E16 Fretheim
- E39 Hordvik
- E39 Bjørsvik
- E39 Mundalsberg
- Fv. 53 Midnestunnelen
- Fv. 53 Bermålstunnelen
- Fv. 55 Kvernhaugtunnelen
- Fv. 57 Undalstunnelen
- Fv. 615 Skatestraumtunnelen

Dette skjer i 2018:
- Utlysing av E16 Bjørkhaugtunnelen, Sætretunnelen og Arnanipatunnelen
- Oppstart på E16 Langhelletunnelen og Beitlatunnelen
- Ferdigstilling av E39 Bjørsviktunnelen og Mundalbergtunnelen, og E16 Onstadtunnelen og Fretheimstunnelen.
- Oppstart elektroarbeid i E16 Gudvangatunnelen.
- Arbeidet startar i 16 Flenjatunnelen
- E39 Bømlafjordtunnelen blir ferdig
- E39 Masfjordtunnelen har nett starta
- Oppstart på E39 Matrebergtunnelen og Trodalstunnelen
- Oppstart på E39 Uføretunnelen
- Oppstart på E39 Håklepptunnelen
- Ferdigstilling av fv. 7 Hagaåstunnelen og fv. 7 Liarostunnelen
- Ferdigstilling av fv. 55 Høyangertunnelen
- Arbeid i fv. 55 Hovdetunnelen
- Utlysing og oppstart i fv. 609 Kvernbergtunnelen
- Utlysing og oppstart i fv. 55 Tussviktunnelen
- Utlysing og oppstart i fv. 55 Vadheimstunnelen
- Oppstart på fv. 55 Røneidtunnelen, Ottatunnelen og Råumtunnelen.