Søndag morgon fekk MF Årdal tekniske problem od sambandet vart stengt i to timar.

Opna for normal drift igjen

Sambandet Anda - Lote vart stengd søndag morgon frå klokka 09:00 og nærare to timar framover. No er det normal drift med ny ferje.


Søndag morgon vart ferjesambandet Anda – Lote stengd nok ein gong. Det er berre ein månad sidan sist. Førre gong gongen skuldast stenginga sterk vind som gjorde at MF Årdal» ikkje greidde legge til kai i Anda. Søndag vart E39 stengd på nytt. Det skjedde som følgje av tekniske problem.

Rokkeringar

Den første innstilte turen var avgangen klokka 09:00 frå Lote. «MF Selje», som normalt trafikkerer sambandet Stårheim – Isane, vart flytta inn til Anda – Lote. Første turen starta frå Anda kl. 10:45. Då opna sambandet igjen.
Driftsstansen på Anda – Lote førte til rokkeringar på dei to andre ferjesambanda i Nordfjord. Trafikken på Stårheim – Isane vart innstilt til ferja som trafikkerer Måløy – Oldeide vart flytta innover fjorden.
Mest skadelidande vart dermed dei som skulle over denne strekninga. Her sette Fjord1 inn snøggbåt. I tillegg måtte reisande på Stårheim – Isane bu seg på forseinkingar utover dagen.


Oljelekkasje

Fungerande skipper på «MF Årdal», Joar Skåden, opplyser at driftsstoggen skuldast ein oljelekkasje i den eine av dei to motorane.
– Vi håpar og trur vi skal greie å reparere skaden sjølv utan å gå til verkstad, seier han. Ferje la seg midtfjords for å utbetre lekkasjen.
– Vi har ein motor i kvar ende, men det nyttar ikkje å gå i rute med berre ein motor, seier Skåden.
«MF Årdal» har hatt motorproblem også tidlegare. Då ho vart sett inn på sambandet for litt over eitt år sidan, var det det andre ferjebytet på eitt år. Ho tok over for «MF Lifjord». Det vart møtt med sterk misnøye, m.a. fordi kapasiteten vart redusert frå 120 til 108 bilar.