Breim Bondelag ønskjer å leggje den nye E39 Byrkjelo – Grodås i tunnel med innslag i bakgrunnen på Strand.

Ønskjer tunnelinnslag på Strand

– Vi kan ikkje leggje nye E39 Byrkjelo - Grodås rett gjennom matfatet. Dette er ei svært viktig sak for oss, seier leiar Geir Thomas Myklebust. Han har eit samstemt bondelag i ryggen.

Den nye E39 skal byggjast i standard H5. Det er ein standard ingen veg i vårt fylke er blitt bygd etter så langt. Vegen vert i praksis 14,5 meter brei. Vegbana vert dimensjonert for 90 km/t og delt med midtrekkverk. På strekninga vert det kunn fire kryss; på Byrkjelo, Innvik, Markane og Grodås (Sjå faktaboks).

Dyrka jord

Geir Thomas Myklebust fryktar at ein veg i dagen vil ta svært mykje dyrka jord i eit av fylkets beste jordbruksområde. Eit kryss åleine kan ta 50 mål jord.

– Dette er svært viktig for oss. Vi må ikkje leggje vegen tvers gjennom matfatet vårt. Vi har diskutert saka og har eit alternativ som vil spare mest mogeleg dyrka jord, seier Myklebust. Det er å leggje vegen i tunnel frå Strand, om lag midt på Bergheimsvatnet.

– Tunnelen kan gå samanhengande i fjellet i slak stigning bak meieriet, gjennom Utvikfjellet, seier Geir Thomas Myklebust. Det vil bli ein tunnel på 9-10 km. Då vil det berre gå med dyrka mark i eit avgrensa område på Strand, peikar bondelagsleiaren på.

Les meir i papirutgåva fredag.