Trimmarane i Svinestranda Opp må registrere seg på Austrheimstøylen. Det er vesentleg meir snø i fjellet no enn då dette biletet vart teke for nokre år sidan.

– Ønskjer fleire trimmarar på startstreken søndag

– Vi har eit stort ønske om at trimklassa skal bli større enn tidlegare. Andre løp har fleire deltakarar i trimklassa enn det vi har, seier løpsleiar Birger Berge.

Arrangøren gjer ikkje store endringar i opplegget til den 11. utgåva av motbakkeløpet Svinestranda Opp. Som vanleg startar løypa i Sandane sentrum, går opp langs Holvikfossen og vidare over Gloppestadstøylen og Austrheimstøylen før målgang på toppen av Svinestranda, 1.074 meter over havet.

Snø i løypa

– Traseen er som tidlegare, men vi slit med meir snø enn vi har gjort før. For to år sidan måka vi, slik at løypa vart berr. Denne gongen må nok løparane bu seg på å springe over nokre små brear, men vi trur vi skal få dei bra faste, seier Birger Berge.

Det er bert opp til om lag 500 meters høgde. Kring tregrensa ligg snøen, før det er snøfritt dei siste høgdemetrane mot toppen.

Les meir i papirutgåva onsdag.