Handvask er viktig framover. Det er sesong for omgangssjuke. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Omgangssjuka er på veg

Haust og vinter er høgsesong for omgangssjuke forårsaka av norovirus. God handhygiene er viktig for å verne seg.

– Vi er i den tida på året der omgangssjuke forårsaka av norovirus er i sesong. Dei første utbrota er allereie melde til Folkehelseinstituttet denne hausten, skriv FHI på nettsidene sine.

Norovirus er svært smittsamt og blir lett spreidd på stader der mange er samla. Men ein kan verne seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– God handhygiene er det viktigaste tiltaket for å unngå å bli smitta av norovirus, seier lege Hilde Marie Lund ved FHI.

Om ein mistenkjer at ein er smitta, bør ein òg la vere å lage og servere mat til andre, i tillegg til å halde fram med god handhygiene.

(©NPK)