Oddvar Årdal blir leiar for asylmottaket på Skei.

Oddvar Årdal blir mottaksleiar på Skei

- Å vere i lag med born og unge er noko eg set pris på, og eg går godt i lag med dei, seier Oddvar Årdal frå Jølster som er tilsett som mottaksleiar ved mottaket for einslege, mindreårige på Skei.

Oddvar Årdal kjem frå stilling ved psykiatrisk avdeling ved sentralsjukehuset i Førde, og har frå tidlegare 20 års praksis frå barne- og ungdomspsykiatrien. Han har i første omgang eitt års permisjon frå stillinga ved sjukehuset.
Årdal har også arbeidd eitt år ved Jølster Mottak på Vassenden, og han har lang erfaring med barne og ungdomsarbeid frå fotballen i Jølster.
- Alt dette er erfaringar som er gode å ha med seg inn i den jobben eg no skal byrje i, seier Årdal som tek til i stillinga som mottaksleiar 13. april. Like etter skal dei første asylsøkarane vere på plass.

-Dette kjem til å gå bra
- Eg trur dette må bli det flottaste asylmottaket i landet, seier Årdal om bygget på Skei som han har hatt omvising i. Årdal fortel også at han har fått mange positive tilbakemeldingar, også frå lokalmiljøet, då han onsdag (1. april)gjekk ut på Facebook og fortalde om den nye arbeidsplassen.
- Eg har registrert at det har vore litt skepsis til dette mottaket lokalt, men no når det er plassert på Skei, så merkar eg at folk er innstilte på at dette skal gå bra og at dei er innstilte på å gjere det beste ut av det.