Veteranen Odd-Peter Skinlo er strålande nøgd med 250 poeng på den innleiande skytinga i Målselv. Foto: Marit Straume

Odd-Peter Skinlo skaut 250 poeng

Veteranen Odd-Peter Skinlo frå Sandane smelte like godt til med 250 poeng og fullt hus på innleiande baneskyting V65 i dag onsdag under Landsskyttarstemnet i Målselv. Dermed er han sikra plass på finalelaget på omgangsskytinga i morgon tidleg.

– Det var veldig moro å få full klaff i dag, og det gjekk som eg håpte på. Eg hadde ei god kjensle sjølv om eg var litt usikker på ti-skoten med litt vekslande vind. Det er naturlegvis eit mål å få fullt hus, og dette var ei oppleving. No har eg eit håp om å finne roen på finaleskytinga i morgon, og eg har tenkt å kose meg skikkeleg. Det ville vore kanon å skyte 100 i morgon, alt kan skje i finalen, strålar den svært så nøgde skarpskyttaren som skyt for Hyen Skyttarlag.

Veteranane skyt alle dei 35 skota liggande og på 100m bane. Skinlo trur det nok blir eit heilt skytelag som får 250 poeng på den innleiande skytinga.