E6 over Saltfjellet i Nordland vart stengd onsdag ettermiddag. Dette biletet er frå Sørelva. Statens vegvesen åtvarar om at eit nytt uvêr kan føre til fleire stengde vegar dei neste dagane. Foto: Webkamera Statens vegvesen/NTB/NPK.

Nytt uvêr rammar store delar av landet til helga – vegvesenet åtvarar om at vegar kan bli stengde

I store delar av landet blir ekstremvêret Ingunn erstatta av nytt uvêr fredag og laurdag, noko som kan føre til krevjande forhold på vegane, ifølgje Statens vegvesen.

Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og sørlege Troms blir ramma av det same uvêret.

– Mykje nedbør, varmegrader og vind gjer at faren for snø-, sørpe- og jordskred aukar. Statens vegvesen åtvarar trafikantane om at vegstrekningar og fjellovergangar kan bli stengde på kort varsel. Følg med på trafikk- og vêrmeldingar, heiter det i ei pressemelding frå Vegvesenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire vegar er stengde allereie, og det kan bli fleire.

– Det blir lokale variasjonar, men i store delar av landet blir det uføreseieleg på vegane også dei næraste to døgna. Vi har sett på ekstra mannskap, men med den store skredfaren og overhengande fare for store skred, kan vi ikkje love opne vegar, seier Nils Karbø, leiar for trafikkstyring og beredskap i Statens vegvesen.

Han seier at dei følgjer situasjonen nøye.

– Sjekk både vegvesen.no/trafikk og varsom.no før du reiser. Stopp også gjerne undervegs og sjekk igjen viss du skal reise langt, oppmodar han. (©NPK)