Illustrasjonsfoto. Foto Olav Strand/NINA

Nytt tilfelle av skrantesjuke

Ei drøy veke etter at den statlege fellinga av villrein i Nordfjella starta, er det funne eit nytt tilfelle av skrantesjuke. Dette er det åttande tilfelle av den dødelege hjortedyrsjukdommen i området sidan kartlegginga starta i 2016.



Reinsdyrbukken vart skoten av eit fellingslag frå Statens naturoppsyn, og smittestoffet vart påvist i lymfeknutane til dyret. Dette er det første positive tilfelle som er funne under den statlege fellinga som starta 7. november. Per 15. november hadde fellingslaget skote 64 reinsdyr. Målet med aksjonen er å utrydde skrantesjuke hos hjortevilt i Norge.

Fellinga føregår i regi av Statens naturoppsyn, og Mattilsynet har ansvar for prøvetaking og smittehandtering. Reinsdyra som vert felt vert transportert ned frå fjellet til eit baseområde der ein tek ut prøvemateriale. Det vert teke prøver av alle dyr som vert felt, og Veterinærinstituttet analyserer prøvene.

– Vi reknar med å finne fleire positive dyr framover. Skrantesjuke spreier seg frå dyr til dyr, og til miljøet, og det er difor vi nå arbeider med å fjerne heile stammen, seier Hallgeir Herikstad, CWD-koordinator i Mattilsynet.

Uttak av villreinstammen vert gjort for å hindre at skrantesjuke spreier seg. Dette dreier seg ikkje først og fremst om å fjerne sjuke dyr, men å fjerne smitta for å hindre at sjukdomen spreier seg til andre hjortedyr og miljø.

Villreinstammen skal reetablerast så raskt det er mogleg, og Mattilsynet og Miljødirektoratet har utarbeidet ein foreløpig plan for dette.