GHK-herrane står framleis med berre to poeng, men har ikkje gjeve opp håpet om fornya kontrakt i 2. div. (arkivbilete).

Nytt tap for GHK-herrane

Herrelaget til GHK tapte klart for Bergsøy med 31-20. Sterkt medvirkande var Bergsøy si svært gode målvakt, melder lagleiar Øyvind Indrebø.

GHK stod med to poeng før kampen, og lukkast ikkje å innkassere nye og sårt trengde poeng mot Bergsøy. Ved pause var stillinga 13-6.

- Vi spelar ein OK kamp i forsvar i første omgang. 13 baklengs er aksetabelt, seier Indrebø. Han berømmer Bergsøy si målvakt for svært godt spel. Det gjorde etter kvart GHK sine spelarar usikre.

Målvakta heldt fram storspelet i andre omgang der GHK ikkje var like bra i forsvar. Siste del av kampen vart også prega av at slaget var tapt. Det prega innsatsen til ei viss grad.
- I periodar spelar vi jamt slik vi har gjort i mange kampar. Vi blir ikkje utspelte, men kvaliteten på spelet varierer. Denne gongen målvaktspelet til Bergsøy den store skilnaden, seier Øyvind Indrebø.

I morgon leier han damelaget mot Fyllingen 2 i Trivselshallen.

Arkivfoto.