Thomas Mardal imponerte nok ein gong i sleggeringen med eit nytt 68 meter kast i finalen. Foto: Gloppen FIL

Nytt sterkt kast i EM-finalen

Sjå Thomas sitt resultat og plassering i U 23 EM her.
Thomas Mardal (20), Norge/Gloppen FIL, vart i ettermiddag nr.10 i finalen i slegge under U23-EM i Bydgoszcz, Polen.
Han kasta 68.28 i 1.omgang, berre 6 cm kortare enn i kvalifiseringa i går og personleg rekord. Thomas var før meisterskapet ranka som nr.20 i Europa, og
hadde svakaste bestenotering av alle 12 i finalen. Likevel klarte han seg svært godt i dette selskapet, og var berre 20cm frå 8.plassen som ville gjeve tre kast til.
Det var heller ikkje langt fram til medalje, då bronse gjekk på 70.60m. Han har fyrst denne sesongen satsa på slegge, og vil få ein ny sjanse om to år. Thomas er berre 20 år og her konkurrerte mot opptil to år eldre utøvarar.
Imponerande!