Nytt smittetilfelle i Gloppen

Ein person i Gloppen har avlagt positiv covid-19-prøve. Smitten er ikkje knytt til tidlegare smittetilfelle i kommunen.

– Vedkomande som no har fått påvist covid-19, har blitt smitta utanfor fylket. Personen er isolert og nærkontaktane er sett i karantene, seier ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad.

Han opplyser at smittesporingsarbeidet har avklara alle nærkontaktar til personen, og presiserer at alle som skal testast er kontakta av kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har testa fleire

– Vi har i dette tilfellet valt å teste noko vidare utover smittevernreglane, for å kunne utelukke desse personane i det framtidige smittesporingsarbeidet. I nokre tilfelle kan ein person ha eit stort nedslagsfelt. Vi har ingen indikasjonar på at det er noko smitte hos desse personane, men det er viktig for det framtidige smittesporingsarbeidet å få dette bekrefta, seier han.