Nytt smittetilfelle i Gloppen

Ein person i Gloppen har avlagt positiv covid-19-prøve. Vedkomande kom frå eit område i landet med høg smitte.

– Nærkontakter er identifiserte og det er gjort tiltak for å teste og setje desse i karantene. Vi har god oversikt på kven vedkomande og nærkontaktene har vore i kontakt med, og smittesporingsarbeidet har fått kontroll på aktuelle nærkontakter som vil kunne vere smitta, opplyser ordførar Leidulf Gloppestad i ei pressemelding fredag føremiddag.

Kommunen vurderer situasjonen til å vere under kontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har no sett ein stadig aukande smitte i store delar av landet. Regjeringa har også sett i verk tiltak for å få ned smittepress og få situasjonen nasjonalt under kontroll. Det er avgjerande at alle held fram med å halde avstand, avgrense dei ein har dagleg kontakt med og avgrense reiseaktiviteten sin til eit absolutt minimum. Dette er den beste måten vi alle kan gjere vårt i dugnaden, og den beste måten for å prøve å få situasjonen mest mogleg under kontroll når vi kjem nærare jul, seier Gloppestad.