Trude Raad imponerte stort med verdsrekord for døve i juli. Foto: Caroline Dokken Wendelborg/NIF

Nytt OL-gull og verdsrekord for Trude

Imponerte stort i Tyrkia i dag.
Trude Raad (27), Gloppen FIL, vann i dag gull i slegge i Deaflympics, OL for døve, for tredje gang på rad. I tillegg har ho også eit gull i diskos. Favoritten Trude imponerte stort i Samsun i Tyrkia.
Ikkje nok med det, Trude slo like godt til med ny verdsrekord for døve, då ho klinka til med 66,35 meter.

– Herregud! Dette er heilt vilt, seier 27-åringen til NTB i kveld, etter kastet på 66,35 meter i verdas største idrettsarrangement for høyrslehemma.
Ukraina tok andre- og tredjeplassen i dagens konkurranse i den tyrkiske byen Samsun.

– Dette er heilt fantastisk! Trude imponerte stort i dag. Det ligg utallige treningstimar og hardt arbeid bak dette, så eg er så stolt, seier trener Jørund Årdal til NRK.

Deaflympics vert arrangeret i perioden 18. - 30. juli, og er dei 23. sommarleikane for døve. Over 3000 utøvarar frå 97 nasjonar konkurrerer i 21 idrettar. Norge har utøvarar i golf, friidrett, sykling, bowling og bordtennis.