Nytt koronatilfelle på Nordfjordeid

Laurdag kveld viser prøvesvar at éin person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid fredag.

– Personen har vore i karantene som nærkontakt innanfor husstanden til ein tidlegare smitta. Det er ingen nye nærkontaktar, opplyser Stad kommune i ei pressemelding.

Fredag vart 30 personar testa på Nordfjordeid og sju personar testa i Selje. Det er ikkje meldt om fleire positive prøver.