Nytt koronatilfelle i Gloppen

Gloppen kommune melder onsdag føremiddag at nok ein person har testa positivt på covid-19-viruset.

– Vedkomande har vore nærkontakt til ein som testa positivt sist veke og var derfor allereie i karantene. Personen er no sett i isolasjon og blir følgd opp dagleg, opplyser ordførar Leidulf Gloppestad og legg til at situasjonen på bakgrunn av dette er oversiktleg, og at kommunen har kontroll.

Han minner om kor viktig det er at personar som har vore i nærkontakt med nokon som er covid-19-smitta, overheld karantenetida:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den siste som er registrert smitta vart testa første gong rett etter at det blei kjent at nærkontakten var smitta. Då var testen negativ. Etter eit par dagar fekk han sjukdomssymptom og vart testa på nytt. Då var testen positiv. Ein skal sitje ti dagar i karantene også om ein får eit negativt svar på den første testen. Har ein ikkje symptom etter ti dagar, er det 99 prosent sikkert at ein har gått klar.