Det er nytt håp for bokbåten «Epos». Foto: Stian Wiik/Hordaland fylkesbibliotek.

Nytt håp for bokbåten «Epos»

27 kommunar på Vestlandet vil arbeide for at bokbåten «Epos» igjen skal ut på bølgjene i teneste for litteraturen.

Den tradisjonsrike bokbåten vart sett på land i fjor, til store protestar frå mange hald.

No vil kommunane teste ein desentralisert modell for eit litteraturhus på sjøen. Planen er å organisere ein litteraturfestival på den tradisjonsrike båten med formidling av litteratur, samtalar, utstillingar og utlån av litteratur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Strilabiblioteket i Alver kommune som eig pilotprosjektet, der også Kvam herad og Ullensvang kommune er med, melder Hardanger Folkeblad.

– Nedlegginga av bokbåttenesta har vore eit stort tap for kulturlivet på Vestlandet, særleg for dei små stadene langs kysten og langt inn i fjordane, skriv Strilabiblioteket i ein søknad om stønad til Fritt Ord.

Båten skal etter planen gå mellom 27. september og 25. november. Førebels har Kvam fått tildelt éin dag der båten skal liggje ved kaia i Øystese. Kommunane har sjølve ansvar for å laga program og stilla med personale.

Biblioteksjef i Kvam, Ragna Helene Soldal, seier ho er svært begeistra for prosjektet.

(©NPK)