Papiraviser blir stadig mindre populære, og trenden er forsterka under koronapandemien. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Nyheiter på mobil meir populære under koronapandemien

Lesarnedgangen for papiraviser fekk ein ekstra dytt under koronapandemien, då fleire valde å lese nyheiter digitalt – særleg på mobil.

Det viser ferske tal Kantar har samla inn for Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Dei viser at medan dekninga til papiravisene gjekk ned frå 38 til 31 prosent, opplevde digitale medium eit oppsving i dekninga frå 66 til 71 prosent. Dekninga for nyheiter på mobil auka frå 57 til 62 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Likevel held dekninga for avisene seg relativt stabil på rundt 80 prosent.

Færre papir-lesarar

Nedgangen i lesartala for papiraviser har vore særleg stor for dei største media. Det siste året har Aftenposten på papir mista nesten 50.000 lesarar. Papiravisene til Dagens Næringsliv, VG, Bergens Tidende og Dagbladet mista høvesvis 43.000, 40.000, 19.000 og 15.000 lesarar.

Av dei store avisene var det berre Klassekampen som melde om eit tilnærma likt lesartal for papiravis det siste året.

Digital opplagsvekst

Dekningstala er reflekterte i opplagstala samla inn av MBL og Landslaget for lokalaviser (LLA), som viser at det frå 2019 til 2020 har vore 6 prosent auke i reine digitalopplag, til dryge ein million. Samtidig har det vore eit fall på 14 prosent i reine papiropplag, til 172.904.

Totalopplaget for norske aviser, der 48 prosent består av komplettabonnement, er no på 2,36 millionar.

Men medan dei største avisene har hatt eit relativt stabilt opplagstal det siste året, er situasjonen vanskelegare for mindre aviser.

For dei 135 lokale og regionale avisene med under 50.000 lesarar, er det registrert ein tilbakegang på 9,6 prosent.

For nisjeaviser er tilbakegangen 11,6 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)