No blir det lågare fartsgrense på sjøen nær folk som badar. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Nye reglar om fartsgrenser på sjøen

Fartsgrensene på sjøen blir endra. No blir det ikkje lov å køyre fortare enn 5 knop viss ein er mindre enn 50 meter frå folk som badar eller bademerkebøyer.

Den nye forskrifta om fartsgrenser på sjøen trer i kraft 15. mai, opplyser Samferdselsdepartementet.

– Det er viktig å minne om at det òg på sjøen er fartsgrenser som må overhaldast, slik at det er trygt for alle å ferdast på sjøen. Eg vil oppmode alle til å laste ned Båtfart, som er ein app utvikla av Kystverket, og som er eit godt hjelpemiddel for å halde oversikt over kva fartsgrenser som gjeld kvar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Artikkelen held fram under annonsen.

I den nye forskrifta er det òg eit krav om at førarar av alle typar fartøy skal vere aktsame og avpasse farten etter forholda.

Det er no òg forbode å ankre opp eller ferdast med motor- og segldrivne fartøy på offentlege badeplassar.

(©NPK)