TBU-tala er ein viktig premiss for årets lønnsoppgjer som startar 15. mars. Førre veke møttest LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen (t.v.) finansminister Jan Tore Sanner (i midten) og NHO-sjef Ole Erik Almlid i regjeringas kontaktutval med partane i arbeidslivet. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Nye prognosar anslår ein prisvekst på 2,6 prosent i år

TBU anslår ein prisvekst på 2,6 i år. Det er godt under anslaget til regjeringa på 3,5 prosent i nasjonalbudsjettet i fjor haust.

Det kjem frå i den førebelse rapporten til Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU), som vart lagt fram måndag, og som er ein viktig premiss føre årets lønnsoppgjer.

TBU sørgjer for at partane har likt talgrunnlag og ei mest mogleg felles forståing av situasjonen i norsk økonomi før oppgjeret startar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årets oppgjer er eit mellomoppgjer, noko som betyr at det berre skal forhandlast om lønn. Oppgjeret startar med kravoverrekking 15. mars.