Nye einebustader har vorte 6,8 prosent dyrare på eitt år. Illustrasjonsfoto: Beate Oma Dahle/NTB/NPK.

Nye bustader har vorte 6,2 prosent dyrare det siste året

Samanlikna med andre kvartal i 2020 har prisane på nye bustader stige med 6,2 prosent i andre kvartal i år, ifølgje SSB.

I same periode har prisane for brukte bustader auka med 12,5 prosent.

Nye fleirbustader, som blokkleilegheiter og småhus, har hatt 5,8 prosent prisauke frå andre kvartal i fjor til i år. Frå første kvartal 2021 har prisane stige med 0,7 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Nye einebustader har vorte 6,8 prosent dyrare på eitt år. I første kvartal 2021 var det prisnedgang, men i andre kvartal har prisane auka med 6,7 prosent.

(©NPK)