Næringsminister Iselin Nybø (V) foreslår å etablere ei støtteordning for store, publikumsopne arrangement utanom kultur- og idrettssektoren, som messer og matfestivalar. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Ny støtteordning for arrangørar og messer

Regjeringa foreslår å etablere ei støtteordning for store, publikumsopne arrangement utanom kultur- og idrettssektoren, som messer og matfestivalar.

Arrangementsmarknaden kan òg søkje på middel gjennom kompensasjonsordninga for reiselivet på 1 milliard kroner og omstillingspengane på 250 millionar kroner via Innovasjon Noreg.

Næringsminister Iselin Nybø (V) la fram tiltaka saman med distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) måndag.

– Med den nye støtteordninga for arrangørar vil regjeringa gi aktørane moglegheit til å planleggje store arrangement òg på sikt, trass i økonomiske utfordringar, seier Nybø.

Smitteverntiltak har mellom anna fått store økonomiske konsekvensar for matfestivalar, ifølgje landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

– No støttar vi matfestivalane for å sikre at desse arrangementa kan vidareførast så snart smittesituasjonen tilseier det, seier ho.

Ordninga for arrangørar og messer inngår i budsjettforslaget frå regjeringa om økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet, som blir lagt fram måndag.

(©NPK)