Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) seier funna i rapporten om kommunesamanslåingar er viktige for evalueringa regjeringa skal ha av inndelingslova og det vidare arbeidet med kommunesamanslåingar.Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Ny rapport om erfaringar frå kommunesamanslåing

Ein ny rapport har samla erfaringar slegne saman kommunar og fylke har gjort seg. Funna skal mellom anna gje råd til kommunar som vurderer å slå seg saman.

– Det har ikkje vore gjort så store endringar i kommune- og fylkesstrukturen på over 50 år. Vi er difor opptekne av å henta inn informasjon om det omfattande endringsarbeidet som har blitt gjennomført i dei kommunane og fylka som har slått seg saman, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) i ei pressemelding om bakgrunnen for rapporten.

Kommune- og regionsreforma førte til at talet på kommunar blei redusert frå 428 til 356 kommunar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krevjande å samordna tenestene

Den ferske rapporten som er utarbeidd av Agenda Kaupang, viser ifylgje departementet at mange av dei samanslegne kommunane har samarbeidd godt administrativt, men at det har vore utfordrande å samordna tenestene på grunn av store skilnader i kostnadsnivå, kvalitet og løn.

Halvparten seier at dei ikkje kom i mål med dette arbeidet før samanslåinga tok til å gjelda, fordi tida ikkje strakk til, eller fordi det var for store kulturforskjellar mellom partane, heiter det i pressemeldinga.

Investeringar på tampen skaper bry

I rapporten kjem det også fram at det i ein del kommunar og fylkeskommunar var vanskeleg å balansera og skilja mellom drifta av dei gamle kommunane og den nye kommunen i den siste perioden før samanslåinga – etter at det var valt nye kommunestyre og fylkesting for dei nye einingane.

Mange stader blei det også vedteke store investeringar rett før samanslåinga som ikkje var inkludert i økonomiplanen då vedtaket om samanslåing blei fatta, og som ikkje ville blitt vedtekne dersom kommunen ikkje skulle slå seg saman. Dette har ført til utfordringar for mange nye kommunar og fylkeskommunar, heiter det.

Astrup seier funna er viktige innspel til evalueringa departementet skal ha av inndelingslova og til vidare arbeid med kommunesamanslåingar.

(©NPK)