Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum (vestre), SV-leiar Audun Lysbakken (midten) og Ap-leiar Jonas Gahr Støre (høgre) får fleirtal på Stortinget, i ei ny måling. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Ny måling gir Ap, Sp og SV fleirtal

Ap, Sp og SV får fleirtal på Stortinget utan støtte frå MDG eller Raudt på ei ny måling gjort for NRK og Aftenposten. Høgre held fram fallet sitt.

Dei tre partia får 88 mandat i målinga Norstat har gjort for NRK og Aftenposten. Ein treng 85 for å få fleirtal.

I denne parti-troikaen er det berre SV som går tilbake. SV får 8,6 prosent (-2 prosentpoeng), medan Sp og Arbeidarpartiet stig høvesvis 2,1 og 0,8 prosentpoeng, til 14,3 og 32,9 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Raudt og MDG, som begge kjempar om å hamne i vippeposisjon, går fram. Raudt landar på 5,2 prosent (+0,2), medan MDG får 5,4 prosent (+0,6).

Målinga er derimot dyster lesning for Høgre. Erna Solbergs regjeringsparti får 18,5 prosent og går tilbake 1,1 prosentpoeng. Dette er den dårlegaste målinga i Aftenposten på over eitt år.

Heller ikkje Venstre eller KrF har nokon grunn til å juble. Begge partia hamnar under sperregrensa. Venstre får 3,6 prosent (-0,9), medan KrF ligg på 3,6 (-1,3). På borgarleg side er det Frp som kan smile breiast. Dei går fram 1,1 prosentpoeng og ligg på 12,4 prosent.

Målinga har 969 respondentar og er gjort i perioden 30. august til 6. september. Feilmarginen er opplyst å vere frå 1,2–3,2 prosentpoeng.

(©NPK)