Ny koronasmitte i Gloppen

– Ein person har testa positivt på covid-19. Tilfellet har truleg samanheng med smitteutbrotet i Stad. I så fall er det mistanke om den engelske varianten, opplyser kommuneoverlege Benny Østerbye Hansen torsdag ettermiddag.

Østerbye Hansen fortel at alle nærkontaktar er blitt testa torsdag.

Alle husstandsmedlemer av desse må vere i vente-karantene fram til testsvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er du ikkje kontakta av smittesporingsteamet i Gloppen, kan du oppføre deg som vanleg, understrekar kommuneoverlegen.

Får ein nærkontakt til den smitta symptom trass i at første test var negativ, må vedkomande teste seg på ny og vere i isolasjon fram til testsvar. Alle hustandsmedlemer må då også vere i karantene frem til svar føreligg.

– Prøvesvar kan ventast etter 3-5 dagar. Det er stor testaktivitet både i Helse Førde og Helse Bergen, noko som betyr lengre svartid, seier Østerbye Hansen.

Prøvesvar kan finnast på helsenorge.no når det er klart. Lege får ikkje svaret før det er tilgjengelig på denne nettstaden. Ikkje kontakt lege for svar.

Les meir om forholdsreglar ved karantene og isolasjon på fhi.no