Ny koronasmitte i Gloppen

Endå ein innleigd arbeidar ved Brødrene Aa-verftet i Hyen har testa positivt på Covid-19 og er sett i isolasjon.

Vedkomande har vore i karantene etter å ha reist i følgje med ein annan person som testa positivt ved innreise til Noreg, opplyser ordførar Leidulf Gloppestad.

Det er ingen nye nærkontaktar og personen har vore i karantene sidan han kom til Gloppen. Arbeidstakaren har dermed heller ikkje vore inne på verftet, eller i kontakt med nokon som arbeider der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedkomande blir følgd opp av Brødrene Aa, i nær dialog med kommunen, og vil bli testa på ny før isolasjonen blir oppheva.