Gloppen heradshus: N/A

Ny koronasmitte i Gloppen

Det er påvist covid-19-smitte hos ein person med opphald i Gloppen kommune. Vedkomande har hatt tenester frå kommunen.

– Dei frå kommunen som har vore inne, har ikkje vore lenge nok til å bli definerte som nærkontaktar, men er likevel sette i karantene og vil, uavhengig av om dei har symptom eller ikkje, bli testa måndag 2/11-20. Smittesporing har identifisert alle aktuelle nærkontaktar og dei er sette i karantene, opplyste Gloppen kommune i ei pressemelding søndag.

– Situasjonen er under kontroll og vidare smittespreiing blir vurdert som usannsynleg, seier ordførar Leidulf Gloppestad i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.