Ny fagdirektør i Helse Førde

– Har vore på leit etter nye utfordringar ei stund.

Asle Kjørlaug er fast tilsett som fagdirektør i Helse Førde. Kjørlaug har vore konstituert i stillinga sidan september i fjor.

Fagperspektivet

Som fagdirektør får han ansvar for eit breitt spekter av oppgåver.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir viktig å jobbe for kvalitet i helsetenestene vi yter. Tenestene skal verke godt og vere trygge, og vi skal involvere brukarane. Dei skal vere samordna og prega av kontinuitet, tilgjengelege og rettferdig fordelte. I tillegg skal vi nytte ressursane på ein god måte. Samtidig blir det viktig å fremme fagperspektivet, seier Kjørlaug i ei pressemelding frå helseføretaket.

Administrerande direktør Arve Varden er glad for å ha fått på plass fagdirektør på permanent basis.

– Asle har hatt jobben sidan september i fjor. Han har gjort ein svært god jobb, seier Varden.

Brei bakgrunn

Kjørlaug kom frå stillinga som overlege og fagsjef ved Indre Sogn Psykiatrisenter (ISP) då han tok over som fagdirektør sist haust. Han har vore spesialist i psykiatri sidan 2011, og har mykje av tida jobba med psykoselidingar. Som overlege for ambulante psykoseteam i Førde og Sogndal har han jobba tett med kommunehelsetenesta i Sogn og Sunnfjord. Asle Kjørlaug har også erfaring frå primærhelsetenesta som fastlege ved Sogndal legesenter.

– Eg har vore på leit etter nye utfordringar ei stund. Dette er ein krevjande og omfattande jobb med eit samfunnsmedisinsk fokus; akkurat den type utfordring eg har vore på leit etter.

Kjend med føretaket

– Du har fungert sidan september i fjor, kva erfaringar har du gjort deg i denne perioden som du tek med deg vidare?

– Eg har fått eit grunnleggande inntrykk av dei ulike arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga, samt blitt kjend med Helse Førde som føretak. Grunnmuren er no på plass, og eg er klar for å bygge vidare på desse erfaringane og tre inn i rolla som fagdirektør på permanent basis.

Kjørlaug var leiar for Helse Førde sin legemiddelkomité i perioden 2014-2019, og har i denne funksjonen også delteke i pasienttryggleiksutvalet og legemiddelkomitéen i Helse Vest.

Artikkelen held fram under annonsen.