Illustrasjonsfoto frå fangeleiren på Sandane.

Ny digital database over norske fangar under andre verdskrigen

Om lag 44.000 nordmenn sat i fangenskap under Den andre verdskrigen. No blir det oppretta eit digitalt arkiv over fangane.


Dermed kan ein søkje på namn, stadnamn og fangeleir i arkivet og få informasjon om alle dei som sat fanga, opplyser stiftinga Falstadsenteret.


Falstadsenteret og Arkivet, to av dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i Noreg, står bak databasen på nettsida til Norsk digitalt fangearkiv.


Regjeringa har løyvd 1,7 millionar kroner til prosjektet som vil vere klart til 75-årsmarkeringa av frigjeringsjubileet i mai neste år.


– Vi er stolte over at regjeringa gjennom løyvinga støttar arbeidet med å verne og synleggjere historia til alle norske menn og kvinner som sat fanga under andre verdskrigen, seier Christian Wee, som er direktør for Falstadsenteret, og Audun Myhre, som er direktør i Arkivet.


Dei viser til at det blir endå viktigare at historiene til fangane blir tilgjengelege digitalt, etter kvart som tidsvitna forsvinn.


Det digitale fangearkivet skal i første fase vere ein database over nordmenn som sat i fangenskapet i Noreg og i utlandet. I andre fase skal det òg omfatte utlendingar som sat i fangenskap i Noreg. (©NPK)