Anne Iren Fagerbakke er utdanna sivilingeniør frå NTNU og har lang leiarerfaring, mellom anna frå Hordaland fylkeskommune der ho var samferdselssjef. Foto: Iver Daaland Åse / Vestland fylkeskommune.

Ny avdelingsdirektør i Vestland fylkeskommune

Anne Iren Fagerbakke tek over som ny direktør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune.

Ho får med det ansvaret for tenesteområdet der Vestland satsar offensivt på å ta i bruk klimavennleg teknologi og meir fleksible transportløysingar både i byar og distrikt.

– Med Fagerbakke får vi ein leiar med solid kunnskap om fagområdet og stor forståing for behova til brukarane av tenestene, seier Rune Haugsdal, fylkesdirektør i Vestland fylkeskommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anne Iren Fagerbakke er utdanna sivilingeniør frå NTNU og er i dag kommunaldirektør i byrådsavdeling for klima, miljø og byutvikling i Bergen kommune. Ho har også lang leiarerfaring frå mellom anna Hordaland fylkeskommune, der ho var samferdselssjef, og frå entreprenørbransjen.

– Eg gler meg til å vere med på å utvikle dette viktige fagområdet som spelar så stor rolle for innbyggjarane i heile fylket, og eg ser fram til godt samspel med både tilsetje og folkevalde, seier Anne Iren Fagerbakke. (©NPK)