Ny arbeidar har testa positivt på covid-19

Ein innleigd arbeidstakar på veg til arbeidsoppdrag ved Brødrene Aa i Hyen testa positivt ved innreise til Noreg søndag 18. oktober.

– Vedkomande har ingen symptom og har vore i karantene i lag med to andre fram til testsvara kom i går. Det er ingen andre nærkontaktar. Vedkomande er sett i isolasjon og dei andre må vere i karantene i ti dager frå i dag, opplyser Gloppen kommune onsdag ettermiddag.