Lite nedbør og lite snø i fjellet gjer at vasstanden i Dokkfløydammen i Nordre Land er svært låg. Foto: Ørn E. Borgen/NTB/NPK.

NVE: Vasstanden i magasina går framleis ned

Fyllingsgraden i norske vassmagasin var 20,9 prosent ved utgangen av veke 18, ifølgje NVE. Det er endå lågare enn veka før.

Medianverdien på same tidspunkt i åra 2002–2021 var 33,4 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg med 37 prosent, medan Vest-Noreg hadde lågast fylling med 9,4 prosent.

Gjennom veka har vasstanden gått ned 0,1 prosent. I veke 17 var ho på 21,1 prosent, som var det lågaste sidan 2003.

(©NPK)