Regjeringa vil starta opprustinga av Byrkjelo - Sandane i NTP-perioden 2023 - 2029.

NTP med ein milliard til Byrkjelo - Sandane

Nasjonal Transportplan (NTP) legg opp til å løyve ein milliard til opprusting av E39 Byrkjelo - Sandane. I tillegg er det også sett av 700 mill. kroner til Årdal - Ålhus i Jølster

NTP vart presentert i sin heilskap klokka 12. Her er det ei skikkeleg glad-melding for Gloppen.

Regjeringa vil setje av ein milliard kroner for å ruste opp E39 på strekninga Byrkjelo - Sandane. Det er dei fire regjeringspartia blitt samde om.

- Gledeleg
NTP vert rullert kvart sjette år. Byrkjelo - Sandane kjem ikkje i den første perioden, 2018 - 2023, men i perioden 2024 - 2029.

- Dette er svært gledeleg. Det har vore jobba godt innover mot Regjeringa av transportkomiteen. I tillegg vil eg nemne fylkesleiar i FrP, Lars Svein Drabløs, seier Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad. Han håpar at deler av prosjektet kan framskundast slik at flaskehalsana kan takast tidlegare.

I denne perioden er det også sett av 700 mill. kroner til å halde fram opprustinga av E39 langs Jølstravatnet. Då står strekninga Årdal - Ålhus for tur. Det same gjer rassikring i Våtedalen for 1,3 milliardar kroner.

Kan planleggje
- Vi skulle gjerne sett at prosjektet var inne før, men dette betyr at Statens vegvesen kan starta planlegginga av prosjektet, seier førstekandidat for krF, Tore Storehaug.

Han ser opprustinga i samband med at det vert 20 minutts avgangar på ferjesambandet Anda - Lote frå 2018, og at det forsterkar behovet for behovet for ein veg av høgare standard enn i dag.

I komande NTP-periode frå 2018 - 2023 ligg E39 Myrmel - Lunde og rassikring Rv5 i Kjøsnesfjorden inne.

Andre periode
I andre periode 2023 - 2029 ligg desse prosjekta inne:
• Bogstunnelen på E39 forbi Vadheim til 1,1 milliardar kroner

• Utbetring av E39 mellom Byrkjelo og Sandane for ein milliard kroner

• Utbetring av E39 mellom Årdal og Ålhus i Jølster til 700 mill. kroner

• Utbetring av E39 gjennom Våtedalen i Gloppen til 1,3 milliardar

• Rassikring av E16 mellom Gudvangen og Stalheim i Nærøydalen til 1,7 milliardar