NRK-tilsett i Førde er koronasmitta

Ein tilsett ved NRK Vestland sitt kontor i Førde fekk onsdag kveld påvist covid-19. Vedkomande har vore i isolasjon heime sidan symptoma oppstod, skriv statskanalen i ei pressemelding.

Ingen av kollegaene er sette i karantene av smittevernoverlegen.

– NRK har strenge smitteverntiltak både for eigne tilsette og medverkande. Desse har vore følgde og blir følgde vidare, heiter det i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommuneoverlege i Sunnfjord, Øystein Furnes, seier til NRK at det er mykje som tyder på at den NRK-tilsette blei smitta på eit familietreff i Måløy, og at den vidare smittesporinga blir følgd opp av kommuneoverlegen i Kinn.

– Vi har god kontroll på kor vidt personen har påført andre smitte. Der meiner vi at vi har bra kontroll. Vi har hatt tett dialog med den det gjeld, kollegaer og leiar. Ut fra dei rutinane som er blitt praktiserte, ser vi ikkje at vi har nokon såkalla nærkontakter, seier kommuneoverlegen.

Eit nært familiemedlem er allereie sett i karantene, og dei som var med i familieselskapet blir også sette i karantene.