Dei siste åra har NRK lagt ned fleire av Facebook- og Instagram-kontoane sine, blant anna P3s Facebook-side og NRK sport sin Instagram-konto. No følgjer distriktskontora etter. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

NRK legg ned Facebook-kontoane til alle distriktskontora

Som ein del av strategien om å bli mindre avhengig av tredjepartar, legg NRK ned alle dei 13 Facebook- og Instagram-kontoane til distriktskontora sine.

– Vi kjem nok til å miste noko trafikk, men det har mindre å seie enn for nokre år sidan, ettersom Facebook nedprioriterer nyheiter på plattforma si, seier distriktsdirektør Marius Lillelien i NRK til Medier24.

Frå og med neste år fjernar NRK alle Facebook- og Instagram-kontoane til distriktskontora sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avgjerda kan sjåast på som endå eit ledd i NRKs strategi om å bli mindre avhengig av tredjepartar.

Blant dei totalt 13 kontoane som vil bli lagde ned, er NRK Nordland størst med 122.000 følgjarar. Facebook-kontoen til NRK Sápmi, med dei 22.000 følgjarane sine, vil ikkje bli lagt ned. (©NPK)