Kiwi varslar sine kundar om eggmangel. Slike plakatar heng i mange butikkar i desse dagar. Foto: André Lorentsen/NTB/NPK.

Nortura må forklare tomme egghyller for landbruksministeren

Landbruksminister Geir Pollestad (Sp) har kalla inn Nortura til eit møte neste veke der dei må forklare kvifor butikkhyllene ikkje bognar av egg til påske.

Også Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund er innkalla til møtet som skjer tidleg onsdag morgon, stadfestar Landbruksdepartementet til Aftenposten.

Daglegvarekjedene er bekymra for slunkne eller tomme egghyller til påske. Eggproduksjonen er venta å auke med 1 prosent i år, medan salet er venta å auke med 2 prosent, ifølgje prognosar frå Nortura i januar i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag møtte Nortura i retten etter å ha vorte saksøkt av Den stolte hane. Striden står om Nortura kan levere egg til sin eigen industriproduksjon i staden for å sørgje for fulle butikkhyller til påske. (©NPK)