Folk må vere førebudde på heil- og halvtomme egghyller dei neste vekene, kanskje heilt fram til påske. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Nortura fryktar eggmangel kan vare til påske

Forbrukarar over heile Noreg har opplevd tomme, eller delvis tomme, egghyller sidan mai i fjor. No tek Nortura nye grep.

Stadig oftare møtest kundane av tomme egghyller. Og folk må vere førebudde på heil- og halvtomme egghyller dei neste vekene, ja kanskje heilt fram til påske, skriv E24/Aftenposten.

Tysdag sende Nortura, som har ansvaret for eggmarkedet i Noreg, eit brev til Landbruksdepartementet. Der ber dei om tollnedsetjing for heileggmasse, det vil seie knuste egg, utan skal. Dei knuste egga blir brukte i industrien, mellom anna av salatprodusentar, til kakemiksar og andre ting som inneheld egg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er i ferd med å løyse forsyningssituasjonen til daglegvare gradvis frå siste halvdel av februar, seier konserndirektør Kjell S. Rakkenes i Nortura til avisa,

– No ber vi om ytterlegare administrativ tollnedsetjing på heileggmasse. Vi håpar dette vil gjere det enklare for industrien å importere denne innsatsfaktoren sjølv, seier Rakkenes.

Viss det blir lågare toll, kan fleire av egga som blir produserte i Noreg, blir sende ut i butikk. Men når det igjen er fullt i butikkhyllene, kan ikkje Norturadirektøren seie. (©NPK)